Ufisk er ukultur. Kulturlaget skulle daske til med litt sunnkost og trendy omega3-infisert sjømat, og med stor brennhug og matlyst stod me klare med kokekar og kokkehatt. (Lygn). I Rema 1000 var fylgjande å finne:
-2 glasflakongar Grans Tropo
-Ymse grøntfôr
-Eit halvt dusin jordeple
-Ein kartong ferskbrikettert Åmyrisei av det dvaske slaget.
Ein lyt koka jordepla med omsut og varsemd. Grøntfôret derimot er langt meir hardbale, og kan med fordel handsamast omsynslaust. Åmyriseien valde me å steikje i steikjepånna, men resultatet vert truleg like trasig uansett varmehandsamingsteknikk. For Åmyrsfolket er dette eit kulinarisk etargilde, i det minste eit levebrød, men for oss i kultureliten held ikkje dette mål.
Litt bakgrunnsinfo:
Åmyrsfolket kom innvandrande frå Sarsborg tidleg på 1770-talet. Med sine ufyselege skikkar og primitive lågkultur skaffa dei seg fort eit fortent renomé som slappfiskar, men dette tok brått slutt i 1939 då Gerhardsen under ein rotur på Totak ein stille sumarsundag mista to levande raksei over bord. Seipopulasjonen auka i eit rasande tempo grunna det særeigne slammiljøet langs Åmyrskysten. Åmyrsfolket tok raskt i bruk den gamle metoden dynamittfiske. Fangsten gjekk rett tennbrikettpressa i støypejarn som dei drog med seg frå Sarpsborg i si tid. No til dags kan du sjå Åmyrsfolket stampe, sveive og skvise ut nye brikettar på løypande band. Olja som blir til overs går direkte til "biodrivstoffproduksjon". Nok om det.
Vil du lesa meir gå til: http://forbruker.leroy.no/Default.aspx?pageid=1018
.jpg)
Terningkast: (toalettnedspyling) 1-
Ta deg heller ei lefse eller ein Pøddenfisk. Fiskebrikettar er ikkje menneskjemat. Katastrofalt og sjukdomsfremjande. All time low for Kulturlaget Jagland i kulturkommunen Vinje/Lier.
Forbrukartips: Bruk ein god slant pengar når du kauper fisk. Ahaja, no lyt me ta kvelden og drøyme om betre middagskultur i framtida. Adjøss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar