torsdag 8. januar 2009

Biff a la Jagland

Torsdag 30. 10. 08

Dette var den fyrste middagen som vart dokumentert i historia åt Kulturlaget Jagland. Biff i raud saus med jordeple og brokkoli, men ikkje gulrøter. Ikkje eit vondt ord om gulrøter, men det får vere grenser for sunnleiksfokus.

Sausen var eit kapittel for seg. Båe god og klen på ei gong, med haugar av smer. Sausen fekk namnet Jaglandsausen til ære for den store sonen åt Lier og venen hans Bongo frå Kongo.

Kvissleis laga denne utgjorte Jaglandsausen;

  • Ein stor klomp kvitseidsmer
  • Ein lagleg klatt rjome
  • Ein dært salt og pipar
  • Eit plastspann woksaus (korkje i pose eller sekk) 

Bland i hop og steik i bifffeitt. NAM, NAM. 

Terningkast (trommekvervel): 4+

Grunning: Maten var god, men ikkje så god. Jaglandsausen ytte sin sjarm og åkeie smak, og sette sin piff på den prima biff. Nok om det, men elles bra.