torsdag 12. februar 2009

Pånnekaker på Jaglandvis

Då var det atter ei gong tid for kulturlagskveld i Lier. Du verda, du verda!
På bordet i dag stod ein stykk pånnekakepulvermiks, og etter litt god gamaldags kokekultur stod kveldsmaten flat, fin og ferdig. NAM, NAM!

Piffen stod syltetyet og rjomen for. Einskilde var også spenstige nok til å ta farinen i bruk, og trivdes framifrå med det. Appropos farin; dyrka i Bitdal, ei fjellbygd ved foten av Hardangervidda, i ufyslege tider. Dette landbruksproduktet, som veks blant smått buskas og varmar båe skrått og skinn, har lenge vorte nytta "biodrivstoffproduksjon". Nok om det.

Slik kokar du pånnekaker:

- Ei eining pånnekakepulvermiks

- Ein skvett vatn

- Mykje smer - godt for hjartet, men sjela lyt me vera varsame med. Ho kan verte vonbroten om smeret er for mjukt.

- Farin, helst henta frå gruvene i Bitdal av Førnesbronen og venene hans.

- Rjome frå Rjukan

- Syltety frå kjellaren åt Tarjei Vesaas, evt. Rema 1000.

Bland, steik, et - det er inkje rakettvitskap veit du gut, berre prøv, du får det truleg til, farr!





Terningkast: (trommekvervel) 5-

Grunning: Litt "flat" smak, men elles slett ikkje klent. Mangla litt på den kulturelle bolken for å nå heilt til toppars. I kulturkommunen Vinje set me radt ulikleg høge krav til kulturell kvalitet og historikk. Flat som ei pånnekake lyt me seia, korkje fugl eller fisk. Men for all del.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar